KnøtteLigaen Acro Team
Hausten 2002 tok Christian kurs og begynte å fly paraglider. Han
greidde å lokke med seg Ove og Sondre, som tok kurs sommaren 2003.
Kenneth som var ein kompis som alltid hadde floge, joina dei. På
denne tida var dei så unge og ferske at dei blei kalla KnøtteLigaen
av sine medpilotar. Samtidig begynte gutta å vise interesse for
freestyle og acro flyging. Dette førte til eit naturlig namneskifte
til KnøtteLigaen Acro Team eller forkorta;
KLAT.
Ove og Christian har konkurrert aktivt sidan 2005 og har vore med i
fleire world cup konkurransar og VM i 2006. Begge er på det norske
landslaget og konkurrerer fast i Norges Cup, NM, world cup og VM.
Kenneth har ein litt meir laid-back holdning til konkurransar og
stiller opp når han føler for det. Kenneth har vore med i både
Vertigo Voss (world cup konkurranse) og NC. Kenneth er KLAT sin
speedriding ekspert og bruker ofte vinteren til denne lidenskapen!
Sondre har på grunn av masse jobbing berre hatt eit par
"gjesteopptredenar" i nokre få konkurransar, men har vore med i både
Vertigo Voss 2007 og Acro Aria 2006! Sondre har lova oss alle at han
skal SATse hardare på acroflyging i tida som kjem!! Me gler oss!!
;-)
[fødd] 29. januar 1983
[floge sidan] 2003
[skjerm] U-Turn G-Force ∞7
Klikk på bildet av Ove for å finne ut meir om han!
[fødd] 7. juli 1982
[floge sidan] 2002
[skjerm] SOL Supersonic
Klikk på bildet av Christian for å finne ut meir om han!
[fødd] 26. juni 1978
[floge sidan] ????
[skjerm] Gradient Seven, NiviuK Nooky
Klikk på bildet av Kenneth for å finne ut meir om han!
[fødd] 02. januar 1982
[floge sidan] 2003
[skjerm] APCO Twister 18
Klikk på bildet av Sondre for å finne ut meir om han!
