Paragliding

Kva er paragliding?

Paragliding er ein luftsport der piloten sit i ein sele under eit skjermprofil som er spent pga trykket inne i skjermen. Paragliding er den enklaste, billigaste og friaste forma for flyging.
Paraglidaren utvikla seg frå fallskjermar på midten av 1980-talet. Hovedskillnaden på dei to sportane er at fallskjermen er i hovudsak laga for å stoppe fallet til hopparen, mens paraglidaren er eit verktøy for sjølve flyginga. Ein paraglidarpilot kan ta av frå fjelltoppar, bli vinsja opp i lufta og halde seg der. Piloten kan benytte seg av termikk (oppadstigande varmluft) til å fly lengre distansar eller berre halde seg i lufta for å utøve akrobatikk! Den gjeldande verdensrekorden i distanseflyging med paraglider er 461 km og satt i Brasil i 2007!

Sondre i sin APCO Twister 18

Sondre i sin APCO Twister 18. Foto: Kenneth Klette

Paragliding som konkurranseform

Det vert konkurrert innan to hovudgreiner; akrobatikk (og kalla akro) og distanseflyging (og kalla cross country eller XC).

Akro

Det vert konkurrert ved å utføre spektakulære akrobatiske triks over vatn med landing på ein flåte. Det vert avholdt konkurransar i to klassar; inviduell flyging (vert kalla solo) og synkron flyging (vert kalla synkro).
Pilotane får poeng for vanskeligsgrada av triksa, sjølve utføringa av triksa, variasjon i programmet dei utfører og til slutt landinga! I synkronflyging får deltakarane poeng for synkroniseringa.
Akro er ein ny ekstremsport og konkurranseform som har vore med på å løfte paragliding som sport og har gove sporten eit nytt, friskt image på lik linje med freestyle ski og snowboard!

Akroparagliding!!

Distanseflyging (XC)

Distanseflyging er den mest tradisjonelle konkurranseforma innan paragliding og har lange tradisjonar, både i Norge og i utlandet.
Som konkurranseform går distanseflyging ut på å flyge ei løype, satt ved hjelp av GPS-koordinatar, på raskast mulig tid. Det vert og konkurrert i fridistanse der det gjeld å flyge lengst mulig innan ei gitt tidsramme.

XC

Bilde frå ein distansekonkurranse. Foto: NRK

Pilot_XC

Bilde av ein typsik distansepilot. Legg merke til "cockpiten" med instrument som GPS, variometer osv.
Foto: www.gingliders.com