Film frå World Base Race 2008!
Her kjem filmen frå WBR 2008 som lova! Synkro action med Ove og Pål! Me hadde det dritkult og fekk oppleva det gode samholdet i BASE miljøet! Takk for oss me kjem garantert igjen til neste år!!
Om du vil laste ned filmen i fullkvalitetsversjon kan du klikke HER!!
14. juli 2008
World Base Race!
Foto: World Base Race
Ove og Pål var
invitert til å fly acroshow under
World Base Race 2008
som gjekk av stabelen i Innfjorden, ikkje langt frå Åndalsnes
forrigje veke! World Base Race er ein ny konkurranse der
konkurrentane hopper ut i frå ein loddrett fjellvegg for så å
kappfly over ein oppmålt strekning på 750 meter. Det vert konkurrert
i par der vinnaren i kvart par går vidare. På spørsmål om konseptet
rundt konkurransen svarar arrangør Paul Fortun slik:
...World BASE Race vil være en konkurranseform hvor to base utøvere
hopper ut samtidig fra fjellet, for så å fly fortest mulig en
oppmålt strekning på 750 meter. Vinneren går videre til neste omgang.
Dette er en konkurranse form som er lett målbart, har et høgt
spenningsnivå med høy fart, forskjellig stiler, og flygedrakter som
vil være lett synlig for publikum, gi fine bilder til media i
spennende og vakkert landskap...
Ronny Risvik vann konkuransen, æra og 2000 euro! Video frå
Ove og Pål sine acroshow kjem om litt! Her er iallefall ein liten
reportasje frå TVNorge om WBR. Klikk
HER!
Foto: World Base Race
14. juli 2008
Ove, Christian og Alexander på framsida i avisa Hordaland!
Foto: Ove Tillung
Ove, Christian og Alexander prega framsida på avisa Hordaland lørdag 5.juli. Avisa hadde blitt tipsa om at halve landslaget i akro-paragliding kjem frå Voss og ville skrive artikkel om gutta. Dei var å sjå på framsida og dei to midterste sidene i avisa! Klikk HER! for å lese den forkorta nettartikkelen om vossagutta! www.avisa-hordaland.no for fleire nyheiter frå Voss!
Foto: Ove Tillung
04. juli 2008
Ekstremsportveko 2008!
Ekstremsportveko er over for denne gang. Årets høgdepunkt for mange i ekstremsportmiljøet var prega av regn og vind i byrjinga av veka men så blei det bedre! Ove har vore PR-kåt linselus og filma for NISSAN og Norwegian Corax mens Christian har floge tandem. Ein lengre artikkel kjem om litt!
Foto: Jan-Tore Solberg

Foto: Tobias Frøystad
Fleire bilder og film kjem om litt. I mellomtid får de kose dekan med denne filmen! Det er årets vinnar i Ekstremsportvekos videokonkurranse! Filmen er redigert og filma av Tobias Frøystad! Enjoy!
19. juni 2008
Ove tar 3. plass i Norgesmesterskapet 2008!
13. - 16. juni møttes dei beste acropilotane i Norge for å gjere opp om den gjevaste tittelen; Norgesmester 2008! Etter ei langhelg med svært varierande ver fekk arrangøren likevel gjennomført 4 omgangar med 5 øvelsar! Rolf Dale vann konkurransen fortent med enorm gutsing og gode run! Pål Hammar Rognøy tok 2. plassen forran KLAT og NISSAN team pilot Ove Tillung som fekk 3. plass og bronse! Kjartan Andvik og Alexander Hagen kom på henholdsvis 4. og 5. plass. Denne konkurransen var og eit uttak for den siste plassen til det Norske Akro Landslaget, Norwegian Corax. Alexander Hagen gjorde seg fortent til denne då han som beste ikkje-landslagspilot kom inn på 5. plass i NM! Resten av landslaget ynskjer han hjartleg velkommen!! Stolt av deg Alex! ;-)
Alle bilder: Rolf Dale
Resultat:
Run 1
Run 2
Run 3
Run 4
TOTALT
Ein stor gratulasjon går til Rolf Dale
som vann NM 2008! Takk til Frode Fester og
Mjøsa Paraglider Klubb for eit supert arrangement til tross
for svært varierande verforhold!
Ove vil og takke NISSAN
for støtte og samarbeid som resulterte i bronse i NM 2008! Ein
lengre artikkel om NM 2008 vil etterkvart komme
HER!, samt eit fullstendig bildegalleri
HER!
19. juni 2008
Acrotrening på Gjøvik!
Foto: Rolf Dale
I helga 31. mai - 01. juni var Ove og Rolf på Gjøvik for å trene fram mot NM om to veker. Perfekt sommarver gjorde at duoen fekk mange fine opptrekk! Terping på Helicopter og rytmisk SAT stod på programmet. Dette er to svært teknisk vanskelig øvelsar.
Foto: Rolf Dale og Ove Tillung
Her er eit par av bildene me tok denne helga. Me har lagt ut eit fullstendig bildegalleri frå treningshelga vår som du kan se på ved å klikke HER! Enjoy!
30. mai 2008
SOL Supersonic i Norge!
Foto: Arvid Haaland
Christian sin nye konkurranseskjerm for 2008 sesongen er endeleg komen til Norge. Den splitter nye SOL Supersonic vart henta på posten i går. Christian er for tida i Bergen og er opptatt med dei siste eksamenane og fekk difor sin bror, Alexander Hagen, til å hente ut skjermen for seg. Christian har i lengre tid vurdert fleire skjermar men då han fekk tilbud av Svein H. Bjørneseth på å fly Supersonic var han ikkje lengre i stuss på kva han ville ha! Se www.solvinger.net for fleire nyheiter frå SOL!
29. mai 2008
Oppdateringar!
Foto: Ove Tillung
Her kjem det litt oppdateringar igjen! Ove har fått NISSAN
skjermen sin og har begynt å trene med denne. Han har og modifisert
bremsene og flyr no utan trinser. Ein rar følelse seier han, men det
er ein tilvenningssak. Fordelane i sekkeform og helikopter er for
store til å ikkje prøve ut konseptet.
Christian er på si side opptatt med skule og eksamenar men ventar på
å slå kloa i sin nye SOL Supersonic som er like
rundt hjørna! Me gler oss til å sjå kva han kan få til med denne nye
acroskjermen frå SOL.
Ellers kan det nemnast at me har rydda litt opp på
heimesido vår og spesielt Video
og Sponsorar
sidene våre har fått ein liten overhaling! Minner om at gondolen opp
til Hanguren starter opp for sesongen 7. juni og at det då blir
seriøs acrotrening på Voss! Er det nokon som har lyst å vere med å
fly acro med redningsbåt på vatnet så er det berre til å ta kontakt!
:-)

Legger og ved ein liten filmsnutt frå ein kveldstur frå Hanguren 28. mai 2008! For å laste ned filmen i .WMV format, klikk HER!! Enjoy! :-)
10. mai 2008
Sesongen er endeleg skikkelig i gang!

Foto: Arvid Haaland
Sesongen er endeleg skikkelig i gang. Voss og resten av vestlandet har vore velsigna med fint ver dei siste vekene. Dette har gjort underverker for vinterrustne pilotar. Både acropilotar og XC-pilotar har logga fine turar frå Hanguren og Bavallstoppen dei siste to vekene.
10. mai 2008
Christian Hagen + SOL = sant!
Christian Hagen har fått avtale på å fly SOL sin nye acroskjerm Supersonic i 2008. SOL lover på brasiliansk vis skikkelige sambatakter over denne nye acroskjermen. Med Christian bak styrelinene på dette nye villdyret vil me garanter få sjå høge tumblar og raske helikopter!! SOL vert forhandla av Svein H. Bjørneseth. Sjekk ut www.solvinger.net for fleire nyheiter frå SOL-sida!
10. mai 2008
Nybegynnarkurs i fantastisk påskever!!
Foto: Øyvind Kindem og Trond Cook Tollefsen
Frå 12. - 22. april var Ove Tillung og Øyvind Kindem instruktørar på eit nybegynnar kurs i regi av Voss HPK. Kurset var ein stor suksess med fantastisk ver og heilt nye klubbskjermar! 6 elevar var med på kurset og elevane fekk i løpet av dei 11 dagane kurset vara 22 høgdeturar!! Etter eit par dagars slit i skulebakken på Bakkatun forflytta kurset seg til Myrkdalen Skisenter. Der fekk me gratis dagskort og me fekk unngjort både mellomstadie -og høgdeturar i dei forskjellige bakkane. Instruktørane Ove og Øyvind fekk lurt seg til ein og annan speedriding tur innimellom slaga. Helga 19. og 20. april fekk elevane prøva seg frå Bavallstoppen. Teoriprøve vart og gjennomført denne helga. Mandag 21. april fekk elevane seg eit par bonusturar i Aurland og tirsdag 22. april vart kurset avslutta med turar frå Bavallstoppen. Stolte instruktørar kunne sjå dei flinke elevane sveve rundt med enorme glis rundt munnen! Eit bildegalleri frå kurset kjem om litt!
11. april 2008
NISSAN sponser Ove i 2008!
Ove er stolt av å kunne presentere NISSAN som sin hovudsponsor for 2008! Ove skal fly med NISSAN logo i skjermen sin i år. NISSAN er eit firma som verkelig har fått opp augene for ekstremsport. Dei er mellom anna sponsor for Ekstremsportveko og fleire kjente ekstremsportutøvarar. Sjekk ut www.nissan.no eller klikk på logoen over!
11. mars 2008
Oppdateringar!
Då har eg endelig klart å legge ut fotogalleri frå
Chile Acro Tour 2008. Klikk
HER!
for å gå til galleriet. Artikkelen frå turen kjem om litt.
Eg har og begynt å oppdatere triks sidene og har lagt ut
beskrivelsen av SAT manøveren. Klikk
HER! for å gå til
triks.
Eg beklager at det går litt treigt å få alle sidene opp og gå men eg
har virkelig minimal peiling på data og webdesign og håpar at de
unnskylder meg for det! ;-)
05. mars 2008
Chile Acro Tour 2008
Fire vinterrustne norske acropilotar reiser til søramerikas største sandkasse for å børste av seg snø og bedrive seriøs acrotrening! Ove Tillung, Rolf Dale, Luis Fonseca og Kenneth Helgesen tek deg med på 3 veker med seriøs flyging, mengder av sand i skjermane og mageproblemer! Klikk HER!
04. mars 2008
Chile 2008 og kursoversikt
Me beklager dårlig oppdatering av web den siste
tida. Ove har vore til Chile og trent acro ilag med Rolf
Dale, Luis Fonseca og Kenneth
Helgesen. Det vil etterkvart komme ein artikkel frå denne
turen og det vil bli lasta opp eit bildegalleri frå turen.
Me har itillegg oppdatert kurs
sidene våre med ny oversikt over dei kommande kursa våre! Dette blir
nybegynnarkurs! Har DU lyst til å lære å fly i lag med oss? Me
tilbyr gode instruktørar og flunk nytt kursutstyr! Sjekk ut kursa
HER!
08. januar 2008
U-Turn G-Force 16 ∞7

Endelig har Ove fått sine to acroskjermar for 2008
sesongen! Skjermane er to heilt like
U-Turn G-Force ∞7 i størrelse 16 og skal brukast i konkurransar
i 2008 sesongen!
Ove takker Frode Fester og
U-Turn for god deal i 2008! Namnet ∞7 eller Infinite
Seven lover bra! No må berre været snart bli bra sånn at me får
flydd!!! Argh!!!
Foto: Ove Tillung
01. januar 2008
Godt nyttår!

Foto: S. Ulvund
25. desember 2007
GOD JUL!

Me ynskjer dekan alle ei riktig god jul! Nissen har allereie besøkt oss og delt ut fine gåver! Til Ove kom Nissen i form av Frode Fester og han hadde med seg ein flunk ny U-Turn G-Force ∞7 i størrelse 16! Gjett om Ove gler seg til å prøva den ut! Berre synd med det dårlege været!
12. desember 2007
Oppdateringar!
Endelig har det komme litt oppdateringar på sido! Me har oppdatert sidene Team, Paragliding, Kontakt oss og Linkar. Fleire oppdateringar kjem fortløpande! Det er desverre veldig lite flyging på oss då me er opptatt med jobb og skule:-(
Ny heimeside!
Den nye heimesida vår er endelig på nett. Ikkje alle linkar fungerer endå men dei skal me fiksa så fort som mulig! Ha litt tolmodighet med oss sidan me er ikkje særlig flinke med data! ;-)





















